søndag 17. mai 2009

Avskjed, Grand Prix og 17.maifeiring!







Dei siste dagane har vore fylt med både sorg og glede. Torsdag var eg i ein stor begravelse, der 127 elevar døde, eller i allefall ein del av dei.. Eg kan lett fastslå at det var ein veldig trist dag... Men midt opp i all sørginga, kunne eg ikkje la vere å smile. Eg har vore så utruleg heldig som har fått opplevd så mykje og fått så mange gode vennar.
Tusen takk for alle gode stunder, kjem alltid til å huske dokke! Og Sagavolleventyret er ikkje slutt, det skal fortsette, berre på litt andre stadar:)

Vennskap
kjenner ingen grenser
selv om avstanden er stor.
For gode venner har minner
som sammen i hjerte bor.
Og hvert eneste kjære minne
de øker i verdi,
for venner som holder kontakten
gir livet et innhold
med mening i ..


Ellers så har eg feira Grand Prix- seier og 17.mai på sørlandet saman med familie og Sagavoll-vennar. Trefft både Siril, Elena og Hanne, koseleg:) No ventar Bergen og hybeljakt saman med Sunniva og Maren, så om nokon Bergensfolk he lyst på et kafé-besøk eller noko så er det berre å ta kontakt! :D



Har dokke hatt ein fin 17.maifeiring?:D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar