onsdag 15. juli 2009

SKJÆRGÅRDS- MUSIC & MISSION FESTIVAL

Skjærgårds= sol, sommar, Sørlandet, Sagavollfolk og sosialt samvær:P

Skjærgårds vart som eit stort Sagavolltreff, i alt var vell ca 50 stk innom:)
Ein del av oss Sagavollfolk hadde bestemt oss for å kome allereie mandag, og fekk plass i Grimstadcampen som Jonas hadde ansvar for. Dei hadde bygd ei scene og frå den blei det bl.a arrangert morgontrim kvar morgon.
Nokre av oss som var heile veka og innførte tradisjonar som havregraut til kvar frukost og middag laga på primus. Dagane naut vi på svaberga eller på badeplassen og tok mange dukkerta. På kveldane var det mange bra konsertar å gå på og dei siste kveldane hadde vi Sagavolltreff på berga ved badeplassen. Koselig avslutning på lange dagar:) Sagavollstanden vart også ein populær hengeplass gjennom veka, her fann vi som oftast andre Sagavollfolk. Håkon, Silje og Kristine var flinke ambassadører for Sagavoll og fekk sikkert verva en del folk til 10/11, for neste år er jo fullt! :p Misunna veldig dei som skal begynne på Sagavoll no til hausten!

Laurdagen hadde vi Sagavollmiddag på det flotte tidspunkte 15.50:) Her vart det bordbøn av Arne Aune og beskjedar som f.eks Sagaheim-møte, Gvarvkamp osv..

Det var ei herleg veke, sola steikte kvar dag, masse bra musikk og ikkje minst masse bra folk:) Takk for ei super veke:)